Sandalsvatnet

Sandalsvatnet er det nest største av fiskevatna våre i Breim. Det ligg idyllisk til mellom bratte fjellsider i den vakre Myklebustdalen. Her finns det gode muligheter for alle typar sportsfiske, enten du fiskar med fluge, sluk, makk eller likar å dorge. Spesielt er det verd å nemne dei fire innosa. 
Kobberstadoset lengst inne i vatnet. Her er det du har størst mulighet til å ta dei finaste fiskane. Men hugs, du må ha vadebuksa på for å nå marbakken på normalvannstand.

Spirefossen
ligg ca fem hundre meter før enden mot Myklebust. Ei ganske lita elv som fører vatn berre ved snøsmelting og ved mykje regn. Brådjupt. 

Fossheimsoset
ved grenda Fossheim er vel det oset som er mest nytta av sportsfiskarar i dag. Stabilt bra med vatn i elva som kjem stupande frå den storslagne Sandalsfossen. Ei perle av ein fiskeplass!

Sandalsoset
ligg omlag ei halv kilometer frå vestenden av vatnet. Langrunt område med ein del vegetasjon på botnen. Spesielt bra på relativt høg vannstand.
Generelt sett kan ein vel seie at dette vatnet byr på det meste. I vestenden, grunt med humusbotn og ein del vegetasjon. I sørenden, djupt med sand og steingrunn. Dette ber då også fisken preg av. I vestenden er ofte ørreten svart til gullfarga og lys i kjøtet, mens fisken i den sørlige delen er blank og raud i kjøtet.



Fakta: (Henta frå www.sportsfiske.nu)
  • Areal (km²) 2.276
  • M.o.h: 308
  • Fiskekort Sone 1 - Breim
  • Anslått fiskeproduksjon 1138 kg/år 

Vis i Google Maps

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar