Andre

Svartebotn


Eit fantastisk fjellvatn(1021moh) under Myklebustbreen. For dei som set pris på storslagen natur og aure av flott kvalitet er turen inn i Svartebotn ei absolutt perle. Toppane som kransar rundt vatnet ragar frå 1350 til 1700 moh. Om du likar å kombinere fisketuren med toppturar er Svartebotn eit godt utgangspunkt. Det finns to utleigehytter ved vatnet, ei ved sørenden og ei på austsida. Desse kan tingast på Coop byggmix på Byrkjelo. I tillegg står der to blekkhytter opne for almenta. Vatnet er som regel først isfritt tidleg/medio juli og kan som regel fiskast ut september. Fisken er av beste kvalitet. Vanleg størelse mellom 3 og 9hg og blodraud i kjøtet. Tilkomst frå Sandal i Myklebustdalen og frå Utvikfjellet på merka turstiar.


Trollebotn

Fjellvatn (1066moh) i grensa mellom Jølster og Gloppen. Tilkomst frå Eggestøylen(Øvredalen). Omlag to timars gange. Utleigehytte for fire personar som kan leigast på Coop byggmix  Byrkjelo. I dette vatnet finn du kansje den flottaste fjellauren i Breim. Vanleg størelse er 5hg+, men det er rimeleg langt mellom kvart individ. Nattfiske i dette grunne og glasklare vatnet er å anbefale.
 

Øvredalsvatnet (Høgredalsvatnet)

Fjellvatn(628moh) som ligg på austsida av den spektakulere Eggenipa. Det lettast tilgjengeleg fjellvatnet i Breim. Omlag 2 km å gå frå parkeringsplassen ved Eggestøylen. Vatnet er for det meste grunt og glasklart. På det jamne 1-3 meter, men det fins og djupare parti. Desse ligg for det meste på vestsida (mot Eggenipa). Eit godt råd kan vere å bruke seine kveldar og natt for å lure den sky fjellauren. Vatnet var i mange år kjent for å produsere fisk av god kvalitet. Men rundt år 2000 eksploderte bestanden, og i dei seinare år har vatnet vært kjent som lite interesant for sportsfiske. I 2009 vart det difor satt igang eit utfiskingsprosjekt for å få vatnet tilbake til gammal standard. I skrivande stund (mai 2011) er vi nett komt igang med sesong tre av utfiskinga. Dette er eit tidkrevande arbeid, men det er god von om at vatnet i løpet av eit par år skal kunne huse fisk av ok størelse. Dei beste fiskeplassane finn du på sørenden av vatnet. Her fins og ein fin lokalitet for teltliv på flat grasbakke.

Eggedalsvatna
Eggedalsvatna ligg idyllisk til i ein liten fjelldal ein lite times gange frå Årdalsstøylen. Vatna har tilsig frå myr og botnen har difor humuspreg og er brun på farge. På det jamne er fisken mellom 2 og tre hg, men større slengarar er heller ikkje uvanleg.


Bøavatnet



Gamlesæta

Er ein del av elva mellom Sandalsvatnet og Lonevatnet. Sakteflytande elv med stor variasjon av djupne. Under fossen er det bra djupne  før eit lite stryk, deretter vert det eit ganske grunt område med ein smal djupål. Ver oppmerksam på at det til tider kan vere ganske stor aktivitet på skytebana nederst i området. For det meste småfisk, men med enkelte slengarar av større individ. Tilkomsten er ganske kronglete med mykje krattskog. Bra med parkeringsplassar ved skytebana.




Tips oss om andre gode fiskeplassar i Breim!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar