6. juni 2012

2012

Nytt fiskeår nye moglegheiter!
Både fisking og blogging tar tid. Derfor vart fisking prioritert framfor blogging på slutten av fjorårsesongen. Målet i år må vere å få litt meir tid til begge deler.

I fjor fiska eg laks for fyrste gong. Med ein 5,9 kilos laks samt ein fin sjø-aure på 2,5 som resultat gav dette meirsmak og nye døgn er bestillt i Seapool i Gloppe elva. Eg har 4 stenger 6-8/7 og 10-12/8, så her er det høve for andre å prøve fiskelukka og...

Skitt fiske!

6. juli 2011

Høgredalen

Etter ein periode med mykje uver er vi komt i gang att med utfiskinga. Det er betydeleg færre fisk i garna i år. Til no har vi fått opp 187 fisk med ei samla vekt på 18,42 kg. Med andre ord snittvekt på under 100g. Likevel ser det ut til at at prosjektet har god effekt. Det er langt lenger mellom vaka på vatnet i år!
Vi har gått til innkjøp av to ekstra garn på 28 omf for å gjere øktene litt meir effektive. Vi satsar på godver utover sommaren og hausten så vi får gjennomført etter planen.

4. juni 2011

Bergheimsvatnet 4. juni

Fin dag på vatnet i båt utanfor innoset. Fangsten vart 6 stk på hovudsakleg makk og sluk. Største var 840g nest største 685g. Mykje vatn og gode forhold men litt kald vind.


31. mai 2011

Utfiskinga i Høgredalen er i gong.

Vi har hatt ute garna to netter no. Det har resultert i 101 fisk. Ikkje noko imponerande antal, men oppløftande med tanke på prosjektet. Det som derimot er oppløftande er kondisjonen på fisken. Allereie no så tidleg på sesongen er fisken feit og sid i buken. Eg vil tru at om utviklinga held fram vil vi sjå ytterlegare forbedring i bestanden i løpet av sesongen. No kryssar vi fingrane for at veret og vil spele litt meir på lag. Det har vore nokre vindfulle og ekstremt kalde turar til no!

25. mai 2011

Bergheimsvatnet 25.mai

Emil sine 2 fiskar, tatt med oter.
Det har vore ein treig start på fiskesesongen med mykje vêr. Mellom regnbygene i dag tok vi med ungane på ein fisketur. Med surt og kaldt vêr hadde vi ikkje trua på at det skulle bli mykje fisk, men litt blei det. Det vart ei runde rundt vatnet med oter, noko som resulterte i 4 fisk med ok storleik. Ungane sin interne fiskekonkurranse var det Emil som vann med ein flott aure på 585gram, Vilde sin største var på 480gram. Dei 2 andre var rundt 250gram. Men ein kan vel sei at det blei ein ok start på sesongen. Så får vi håpe at det kjem litt varme snart, slik at flugestanga kan takast fram...